Vi blir aldri ferdige med å lære norsk.

Bergens Tidende debattinnlegg, 13.januar 2016

Norskopplæring// Det finst mange innvandrarar som ikkje lenger vil snakka norsk, men heller engelsk når dei er ferdige på norskkurs. Nordmenn må ikkje gå med på dette, og ein må heller ikkje tru at norskopplæringa er ferdig etter at ein har bestått eksamen.

Den norske regjeringa har brukt enormt mykje pengar for å få innvandrarar til å læra seg norsk, medan innvandrarar som er «ferdige» med læringa, ikkje lenger snakkar eller skriv norsk, men brukar engelsk som kommunikasjonsmiddel med nordmenn. På den andre sida vil heller ikkje nordmenn snakka norsk med innvandrarane, sidan desse berre snakkar engelsk.

Samstundes er det óg typisk at innvandrarar som ikkje snakkar norsk, ofte klagar mykje på det norske samfunnet og har vanskar med å forstå norsk kultur. Dei meinar til dømes at nordmenn er kalde avdi det er vanskeleg å få kontakt med dei. På den andre sida finst det mange innvandrarar som snakkar godt norsk og har norske vener. Dei klagar lite og trivst her i landet.

Eg har sjølv strevd med å lære norsk sidan eg kom til Noreg i 1994, og å forstå språket er framleis ein viktig del av kvardagslivet mitt. Eg tek feil og misforstår, men eg gjev aldri opp, trass i at det tok lang tid. No har eg mange norske vener og trivst godt. Nordmenn er ikkje kalde og uvenlege, sjølv om det kan ta tid å få kontakt. Når ein lærer eit språk, lærer ein samstundes kulturen på den staden der folk snakkar dette språket. Om ein ikkje kan norsk, får ein store problem med å få norske vener og det gjer det vanskeleg å forstå norsk kultur og veremåte.

Dei fleste av oss hugsar Marie Amelie-saka for nokre år sidan, då forfattaren av boka «Ulovlig norsk» vart utvist. Det skapte stor kontrovers i heile landet fordi dei fleste nordmenn var positive til at Marie Amelie skulle få opphald, trass i at ho hadde handla ulovleg. Kvifor? Jo, fordi ho snakka godt norsk og var integrert i samfunnet. Utan å snakka norsk, vert ein ikkje inkludert i det norske samfunnet.

No ventar vi enorme mengder flyktningar til Europa, og vi må ha eit fornuftig og systematisk integreringsprogram. Vi kan ikkje berre kasta bort pengar på nye bebuarar! Norskopplæring er noko ein aldri kan verta ferdig med. Lat oss SNAKKA norsk i staden for å skjemme innvandrarane bort!

Yuko Ringdal

Stolt norsk-japansk bergensar

— oOo —

Reklamer